Presse

Pressemelding
Kvasshovden opp laurdag 13.juli 2019

Motbakkeløpet Kvasshovden opp vert arrangert for 12 gong i år! I år som eitt av dei 5 løpa i Norgescupen for motbakkeløp.
I 2010 og 2016 hadde me Norgescup , i 2011 og 2017 NM i motbakkeløp! Det tyder på at Kvasshovden opp held ein høg kvalitet på løypa og som arrangør.
Totalt over 100 løparar (104) er påmeldt i konkurranseklassane. I dameklassen er mange av dei beste med. Dei 4 første i Norgescupen etter 2 løp er med – Karoline Holsen Kyte(126), Anita Iversen Lilleskare(160) og dei 2 unge jentene frå Mjøsdalen , Anna (196)og Emma Hanstveit(197). Det mest spennande er nok likevel kampen mellom den nye unge motbakkespesialisten Karoline H Kyte, Førde(126) og May Brit Buer, Gular(162). I tillegg får dei kamp av fleire gode langrennsløparar, Astrid Øyre Slind(127), Maren Wangensteen(135), Karoline Simpson Larsen(122), Anniken Gjerde Alnæs(136), Eivor Vestrheim Skjerven (121).
I herreklassen er det meir opent i år – ein fast travar på Kvasshovden opp , Erling Hisdal, Tjalve (156)kan fort vinna i år- men får nok sterk konkurranse av Stian Angermund Vik, Varegg fleridrett((142) , langrennsløparen Gaute Kvåle, Røldal (151) og motbakkespesialist Hans Inge Klette, Viljar(203). Ein som kan overraska er Oskar Røen, Varegg fleridrett((143). Mange unge lokale langrennsløparar er med i år , Tore Akerlie, Voss(124) har og gjort det godt i motbakkeløp i år. Og sjølsagt er «far sjølv» til Kvasshovden opp, Kristen Skjeldal(180) med – vart nr 5 i fjor! – Nytt i år er at sekken i konkurranseklassen skal berre vega 1,5 kg.
Kvasshovden opp er eit folkehelsetiltak og me ynskjer å få fleire trimmarar opp til toppen. I år kan mosjonsklassen velja om dei vil starta på Byrse (Børsheim) (230moh) eller nede ved kongressen, alle må melda seg på i kongressen. Gode parkeringsplassar på Byrse. Det er og rabatt for familie med 2 vaksne + 2 barn – totalt 300 kr. (berre påmelding direkte (ikkje elekronisk).
Kvasshovden opp går frå sentrum til Kvasshovden på 1030 moh. Totalt 7,5 km. Sjå www.kvasshovdenopp.no . På veg opp til toppen kan du og få med deg 10 utvalde Olav H Hauge- dikt (i alle fall for mosjonistane!)
Motbakkeløpet Kvasshovden opp engasjerar rundt 70-80 frivillige dugnadsarbeidarar frå laget!

Beste helsing Asbjørn Børsheim
– presseansv Kvasshovden opp –

Artikler 2019

Artikler 2018

Artikler 2017

Artiklar 2016

Artiklar 2015

Artiklar 2014

Artiklar 2013

Artiklar 2012

Artiklar 2011

Artiklar 2010

Artiklar 2009

Artiklar 2008