Vær tidleg ute med påmeldinga. Meld deg på no !

I mosjonsklassa utan tidtaking er fristen for online påmelding frem til start. Påmelding med familierabatt (2 vaksne+2 barn) kr 300 kan berre gjerast direkte i sekretariatet (ikkje elektronisk). Det er mogleg mot betaling med kort, vipps eller kontanter, å melda seg på i mosjonsklassen i sekretariatet si opningstid fram til kl. 11.00 laurdag utan tillegg i pris

Starttider

Kl. 07.00 – 11.00 er valfri starttid for mosjon utan tidtaking . Ulvik IL har tatt avgjerd på at me ikkje har nedre aldersgrense for mosjonsklasse. Det vert opp til føresette å avgjere om barnet er i stand til å nå toppen.  I år vert det høve for mosjonsklassen å melde seg på og starta frå Byrse(Børsheim)(230 moh). Kun vippsbetaling på Børsheim.  Det er gode høve for parkering der. Erfaringa frå andre motbakkeløp er at dei aller fleste vil starte så tidleg som råd for å vera på toppen i målområdet for å sjå innspurten i konkurranseklassane . Dei beste brukar godt under ein time til topps.
Kl 11.30 går fellesstarten for Kvasshovden Opp
frå Almenningen på Brakanes. Yngste konkurranseklasse i Kvasshovden opp er 14 år.

Startkontigent

Kr. 300 – i alle konkurranseklassane.
Medlemar i Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett – får kr 25,- i rabatt ved påmelding

Kr 150,- i mosjonsklassa utan tidtaking i for alle som er 17 år og eldre.

Kr 75,- i mosjonsklassa utan tidtaking for alle opp til 16 år.

Påmelding med familierabatt (2 vaksne+2 barn) kr 300 kan berre gjerast direkte i sekretariatet (ikkje elektronisk).

Startkontingenten må du betale ved påmelding.

Startnummer

Startnummerutdelinga vil føregå i Kongressen på Brakanes kurs- og konferansesenter fredag  kl. 17.00 – 2000 og løpsdagen laurdag  frå kl. 07.30 – 11.00 .

Ryggsekk

Alle deltakarane i konkurranseklassen må ha sekk med kle og mat for turen (både opp og ned!). 

Det er påbudt med løpesekk eller vest som skal innehalda oppakning etter sjølvbergingsprinsippet.

  • Tynn jakke
  • Tynne hansker
  • Drikke til eget bruk
  • En banan eller to
  • Tynn lue/pannebånd.

(Selvbergingsprinsippet gjelder også Trimklasse, men er ikke påbud)

Skader kan oppstå, som overtråkk e.l.  Følg med på varselet fra yr.no
Merknad angående sekk: Det er ingen krav til vekt på sekken. En tynn overtrekksbukse kan også vurderes som et stalltips fra oss i løpsutvalget. Er vi usikre på om noen kanskje har for lite i sekken forbeholder vi oss retten til å spørre om å få titte.

Drikkestasjon

I Kvasshovden opp vil det vere 3 drikkestasjonar: Børsheim, Gunnarsete og ved målpassering. Børsheim ligg etter vel 3 km og 230 høgdemeter. Gunnarsete ligg i øvre del av skogbeltet og kjem etter 5.5 km og 600 høgdemeter. Etter målpassering vil det vere mogleg å få drikke, men me tilrår at du tek turen ned til Gunnarsete eller ber med vatn frå Gunnarsete og opp.

Transport

Etter løpet vert det organisert transport frå Børsheim og ned til Brakanes. Alle som treng transport må melde frå om dette ved startnummerhentinga. Det er fullt mogleg å gå same vegen ned til Brakanes etter løpet.

Premiering

(1) Alle som fullfører er vinnarar og får pin etter målpassering på Kvasshovden. Dei som går for 5.gong (delteke 5 gonger uansett klasse), får ein 5-års-pin i tillegg (sjekk lista over tidlegare startar under resultat og gje melding til sekretariatat om de meiner noko er feil).
10. gong får T-shorte,

(2) Dei 20% beste i konkurranseklassane vert premierte.

(3) Pengepremiar til dei 3 beste menn og kvinner

1. premie kr 5000,
2. premie kr 3000,
3. premie kr 2000.

(4) Det vert trekt ut premiar mellom alle som fullfører uansett klasse.

(5) Mellom deltakarar i mosjonsklassen utan tid vert det i tillegg trekt ut tre hovudpremiar.
1. premie frå Sport 1
Premiane på loddtrekning vert berre delt ut til dei som møter fram til premieutdelinga.
Difor: Få også med deg premieutdelingsseremonien ! Dersom den som vert trekt ut ikkje er tilstades, vert ny vinnar trekt ut etter eit halvt minutt.

Premieutdeling – sjå oppslag 

Klasser Kvasshovden Opp

K14-15    M14-15
K16-17    M16-17
K18-19    M18-19
K20-22    M20-22
K23-34    M23-34
K35-39    M35-39
K40-44    M40-44
K45-49    M45-49
K50-54    M50-54
K55-59    M55-59
K60-64    M60-64
K65-69    M65-69
K70-74    M70-74
K75+        M75+

Våre støttepartnere